Prosjektmidlar

Retningslinjer for prosjektmidlar i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag

Vedteke på årsmøtet i Hovdebygda 3. mars 2007. Sist revidert på årsmøtet i Ålesund 31. mars 2012.

  1. Årsmøtet i SFU set av ein budsjettpost kvart år til prosjektmidlar.

  2. Prosjektmidlane kan tildelast lag som viser til jamn aktivitet, og som vil utvide denne aktiviteten. Prosjektet må liggje innanfor formålet til Noregs Ungdomslag.

  3. For at eit lag skal kunne søke om prosjektmidlar må der har vore minst ein representant frå laget på siste årsmøte til fylkeslaget.

  4. Prosjektmidlane kan dekkje inntil 50 % av kostnadane med prosjektet som det vert søkt om midlar til. Eitt og same laget kan få tildelt stønad til fleire prosjekt. Ingen lag kan få meir enn 10.000 kroner i prosjektmidlar på eitt budsjettår.

  5. Søknaden må innehalde finansieringsplan, der det går fram kva andre stønadsordningar laget har søkt. Ved tildelinga skal styret i SFU leggje vekt på om søknaden og prosjektet er godt førebudd og realistisk.

  6. Styret i SFU tildeler prosjektmidlane etter kvart som søknadane kjem inn. Det må påreknast ei sakshandsamingstid på to månader. Midlane vert delt ut så lenge det er noko att på budsjettposten. Søknader som ikkje kan imøtekomast på grunn av manglande budsjettdekning vert overførte til neste år.

  7. Midlane vert utbetalt etterskotsvis, dvs. når søkjaren kan dokumentere at prosjektet er fullført og kan legge fram rekneskap for prosjektet.

  8. Laga kan søkje om å få forskot av utbetaling, opp til 75 % av tildelt sum.

  9. Eit prosjekt skal vere avslutta innan ein periode på 12 månader.

  10. Innan eitt år etter tildelinga skal laget leggje fram rapport og rekneskap for prosjektet.