Bunadsnemnda

Føremålet til nemnda er å ta vare på og føre vidare bunadtradisjonane på Sunnmøre

Arbeidet vårt

Arbeidet omfattar både variantane over dei broderte Sunnmørsbunadane som vart utarbeidd på 1920 – 1950 talet og bunad frå Sunnmøre/den rekonstruerte folkedrakta som vart arbeidt fram frå 1979 – 1990 og framover. Nemnda vil arbeide for at bunaden skal verte eit allment brukt festplagg for kvinner, menn og born. 

Særlig vil ein i arbeidet legge vekt på:  

  • Å samle kunnskap om folkedrakt- og bunadtradisjon på Sunnmøre

  • At bunadane skal ha høgast mogleg kvalitet når de gjeld material, saum og nærheit til førelegga.

  • At den rekonstruerte bunaden skal ha eit rikt mangfald med grunnlag og nærheit til førelegga

  • Spreie kunnskap om bunadane og tilverking av desse

  • Formidle den historiske konteksten kring bunadane

Vi har mange bunadar å velje i på Sunnmøre:

  • Norddal

  • Ørskog

  • Stranda

  • Sykkylven I og II

  • Hjørundfjord

  • Skodje

  • Søre Sunnmøre eller Dalsfjordbunaden

  • Vigra

  • Svart mannsbunad for Sunnmøre

  • Rekonstruert Kvinne og mannsbunad

Nemnda arbeidar no med:

  • Få i gong kurs i dei rekonstruerte bunadane.  Får me nok deltakare blir det 1 helgakurs i januar og 1 helgakurs i februar 2024.

  • Kurs i bunadskaut om der er interesse for det

  • Rekonstruksjon av trykt understakk kvinne.  Skulle det vere nokon som veit om eller har gamle understakkar, tek vi imot tips om det.

  • Prosjektet «Hår og hovudplagg i Folkedrakt- og bunadbruk» i regi av Norsk Folkedraktforum. 

På landsbasis samarbeider vi med :
Norsk Folkedraktforum, Noregs Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk Institutt for bunad og folkedrakt, og Studieforbundet kultur og tradisjon om opplæring, kursing og fagseminar.

Bunadsnemnda