Om SFUL

Nokre av SFUL sine aktivitetar


Aktivitetsprisen

Aktivitetsprisen er ein årleg pris som går til medlemslag eller enkeltpersonar på Sunnmøre som har utmerka seg med eit særs godt arbeid for ungdom i samsvar med NU og SFUL si målsetjing.

Bunadsnemnda

Nemda arbeidar aktivt med å ta vare på og føre vidare bunadstradisjonane på Sunnmøre. Gjennom kurs og prosjekt opprettheld vi den lokale tradisjonskunnskapen.

Jul på Sunnmøre

Jul på Sunnmøre er eit årvisst julehefte som vert utgjeve av SFUL kvart jul. Bladet vert selt av medlemslag og nokon bokforhandlarar. Sakene er lokale frå året, og nemda kan tipsast.

Aktivitetsmidlar

Ungdomslag som viser til jamn aktivitet, sel “Jul på Sunnmøre” og deltek på SFUL sitt årsmøte kan motta aktivitetsmidlar kvart år.