Aktivitetsprisen

Føresegner for Aktivitetsprisen

Oppretta 2004. Sist endra på årsmøtet på Ålesund 31. mars 2012

  1. Aktivitetsprisen for Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag kan gå til medlemslag eller enkeltpersonar på Sunnmøre som har utmerka seg med eit særs godt arbeid for ungdom i samsvar med Noregs Ungdomslag og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag si målsetjing.

  2. Laget må ha minst ein representant på siste årsmøtet til fylkeslaget for å kunne søke om Aktivitetsprisen.

  3. Prisen skal normalt utdelast til medlemslag, men i einskilde tilfelle også til enkeltpersonar. To vinnarar kan dele prisen same året.

  4. Prisen er på totalt kr. 10 000,- og ein diplom.

  5. Lokallaga har høve til å sende inn forslag til prisvinnarar innan desember kvart år. Tidlegare års kandidatar kan også bli vurdert ilag med dei nye kandidatane. Styret i SFU vedtek kven prisen skal gå til utifrå dei innkomne forslaga.

  6. Aktivitetsprisen vert utdelt kvart år, normalt i samband med SFU sitt årsmøte eller ved ei anna stor tilskiping i SFU sin regi.

  7. Forslag og vedtak skal ikkje offentleggjerast. Namnet på prisvinnaren skal ikkje offentleggjerast før ved utdelinga av prisen.

  8. Desse føresegnene er vedtekne på årsmøte i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag og kan endrast med vanleg fleirtal på eit årsmøte.


Tildelingar av Aktivitetsprisen:

2022 - Bjørg Astrid Rørstad
2021 - Arne Kvamme
2020 - Astrid og Arvid Aure
2019 -
2018 -Sigrunn Rogne
2017 - Egil Røyrhus
2016 - Anne Britt Hjortdal
2015 - Åshild Yttredal Liaskar
2014 - Ann Kristin Aaland
2013 - Reidunn Rogne Flem, Linda Nogva Vedeld og Marion Høistad Bergheim
2012 - Kåre Gausnes
2011 - Ørsta ungdomslag
2010 - Ungdomslaget Ivar Aasen
2009 - Perry Frode Bjørke
2008 - Astrid Ringdal
2007 - Johan Rudi
2006 - Kari og Karsten Ivar Grindvik
2005 - Ikkje delt ut
2004 - Elias Rogne