Sunnmørsprisen

Sunnmørsprisen var ein litteraturpris som vart oppretta i 1953, som vart utdelt årleg fram til avviklinga i 2011. Prisen skulle gå til forfattaren av ei bok som i innhald og form var mellom det beste som vart gjeve ut på nynorsk det året.

Med i vurderinga var skjønnlitterære bøker på nynorsk frå alle forlag, ikkje lærebøker eller omsette bøker. Statutta sa mellom anna at forfattaren måtte skrive eit rikt og levande nynorsk språk, og at boka skulle ha eit innhald som er tilgjengelig for folk flest. Ein og same forfattar kunne få prisen berre ein gong.

Prisen var på 10 000kr og vart finansiert av overskotet til bladet Jul på Sunnmøre.

På årsmøtet i 2011 vart det vedteke å leggje ned prisen, da føremålet til Nynorsk litteraturpris ligg nær opp til Sunnmørsprisen.


Tildelingar av Sunnmørsprisen:

2008 - Lars Petter Sveen for Køyre frå Fræna
2007 - Frode Grytten for Rom ved havet, rom i byen
2006 - Ingelin Røssland for Handgranateple
2005 - Olaug Nilssen
2004 - Brit Bildøen
2003 - Are Kalvø for samla forfattarskap
2002 - Ragnar Hovland for Norske gleder
2001 - Carl Frode Tiller for Skråninga
2000 - Finn Øglænd for Dei penaste jentene på TV
1999 - Merima Maja Brkic for Stans denne natta og Vekk meg
1998 - Ikkje delt ut
1997 - Erna Osland for Det sjette grepet
1996 - Ikkje delt ut
1995 - Jon Fosse for Melancholia 1
1994 - Rune Belsvik for Dustefjerten og den store marsipanfesten
1993 - Kolbjørn Hauge for Heit juice
1992 - Jon Tolaas for Nattkino
1991 - Oddgeir Bruaset for Folket lags Storfjorden
1990 - Hermann Starheimsæter for Han gjorde det
1989 - Ikkje delt ut
1988 - Sigurd Muri for Arvegods
1987 - Jul Haganæs for Myrkegangsdalen
1986 - Signe Seim for Her budde ein gon eit barn
1985 - Åse Gruda Skard for Liv laga
1984 - Lillian Clausen Mangerøy for Elisabeth
1983 - Bjarne Rabben for Folk ved havet
1982 - Tor Obrestad for Sjå Jæren, gamle Jæren
1981 - Marie Takvam for Eg har røter i jord
1980 - Ragnar Ulstein for Småsamfunn i storkrig
1979 - Fredrik Heitkøtter for Frå Breheim til Mjøsstrand
1978 - Åse-Marie Nesse for Nomadesongar
1977 - Bjarne Østbø for Vindfall
1976 - Magnus Buflod for Før frosthegget fell
1975 - Alf A. Sæter for To i storm
1974 - Edvard Hoem for Kjærleikens ferjereiser
1973 - Ivar Orgland for Nattstill fjord
1972 - Aslaug Høydal for Prest i såldet
1971 - Olav H. Hauge for Spår vinden
1970 - Ingebjørg Mælandsmo for Olea Grøger
1969 - Marta Schumann for Korset under skuggefjellet
1968 - Olav Berkaak
1967 - Anna Sandnes og Anna Skeide
1966 - Sigmund Skard for Haustraum
1965 - Knut Hauge for Kross og kvitsymre
1964 - Ingebjørg Kasin Sandsdalen for Guds lampe
1963 - Johannes Heggland for Bronsesverdet
1962 - Ragnvald SKrede for Frå kjelde til sjø
1961 - Trygve Bjørgo for Vokstergrunn
1960 - Pål Sundvor for Fangen er fri
1959 - Arthur Klæbo for Farlige fjell
1958 - Alfred Hauge for Kvinner på Galgebakken
1957 - Halldis Moren Vesaas for Utvalde dikt
1956 - Eirik Vandvik for Blant gudar på Olymp
1955 - Åsta Holth for Kornet og freden
1954 - Jan Magnus Bruheim for Ord gjennom larm
1953 - Ragnvald Vaage for Den vonde draumen