previous arrow
next arrow
Slider

FØRESEGNER FOR BUNADNEMNDA FOR SUNNMØRE

FØRESEGNER FOR BUNADNEMNDA FOR SUNNMØRE

1. FØREMÅL

Føremålet med arbeidet er å ta vare på og føre vidare bunadtradisjonane på Sunnmøre. Dette omfattar både variantane over dei broderte sunnmørsbunadane som vart utarbeidd på 1920­ 1950­talet og bunad frå Sunnmøre / den rekonstruerte folkedrakta som vart utvikla på 1980­ talet og framover. Nemnda vil arbeide for at bunaden skal verte eit allment brukt festplagg for kvinner, menn og born. Særleg vil ein i arbeidet legge vekt på:

å samle kunnskap om folkedrakt­ og bunadtradisjon på Sunnmøre.
at bunadane skal ha høgast mogleg kvalitet når det gjeld material, saum og nærheit til førelegga.
at den rekonstruerte bunaden skal ha rikt mangfald med grunnlag i variasjonane i folkedrakttradisjonen.
å spreie kunnskap om bunadane og tilverking av desse.
formidle den historiske konteksten kring bunadane.

2. SAMANSETJING AV NEMNDA

Dei 6 medlemene i nemnda vert valde for to år på ein slik måte at ikkje alle går ut samstundes og med følgjande samansetjing:
3 vert valde av årsmøte i Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag (SfU).
3 vert valde av styret i Stiftinga Sunnmøre Museum (SSM).

Bunadnemnda skal vere ei fagnemnd for bunad. I valsaker og organisatoriske saker er det 3 representantar frå SSM og 3 frå SfU som vel kven som skal stemme på vegner av dei. Desse treng ikkje å vere dei same som sit i nemnda.

3. ARBEIDET I NEMNDA

Bunadnemnda skal ha leiar, nestleiar, kasserar og skrivar. Nemnda konstituerar seg sjølv. Arbeidet i nemnda skal vere i tråd med føremålet og i samarbeid med SSM og SfU.

4. ARKIV

Det innsamla folkedrakt­ og bunadmaterialet (gjenstandar, arkiv, registrering, fotografi med vidare,) skal oppbevarast på Sunnmøre Museum. Ved oppløysing av nemnda går materialet inn i museet sitt arkiv.

5. UTGIFTER TIL ARBEIDET
SSM og SfU betalar årlig faste bidrag til nemda. SfU betalar kr. 15.000 og SSM betaler kr. 10.000, husleige og dagleg drift. Inntekt frå aktivitet i nemnda er nemnda sine inntekter.

6. ÅRSMELDING, REKNESKAP OG BUDSJETT

Nemnda sender årsmelding og revidert årsrekneskap til SfU og SSM innan 1.mars til orientering. Rekneskapen skal reviderast av både SSM og SfU.

7. ENDRING AV FØRESEGNENE

Skal godkjennast av SfU og SSM. Både nemnda sjølv, SfU og SSM kan kome med framlegg til endringar. Føresegnene skal gjennomgåast årleg og reviderast om naudsynt innan 1. mars.

24.02.2015