Vedtekter
Føresegner for Aktivitetsprisen
Oppretta 2004
Sist endra på årsmøtet på Ålesund 31. mars 2012
1. Aktivitetsprisen for Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag kan gå til medlemslag eller enkeltpersonar på Sunnmøre som har utmerka seg med eit særs godt arbeid for ungdom i samsvar med Norges Ungdomslag og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag si målsetjing.
2. Laget må ha minst ein representat på siste årsmøtet til fylkeslaget for å kunne søke om Aktivitetsprisen.
3. Prisen skal normalt utdelast til medlemslag, men i einskilde tilfelle også til enkeltpersonar. To vinnarar kan dele prsien samme året.
4. Prisen er på totalt kr. 10 000,- og ein diplom.
5. Lokallaga har høve til å sende inn forslag til prisvinnarar innan 31. desember kvart år. Tidlegare års kandidatar kan også bli vurdert ilag med dei nye kandidatane. Styret i SFU vedtek kven prisen skal gå til utifrå dei innkomne forslag.
6. Aktivitetsprisen vert utdelt kvart år, normalt i samband med SFU sitt årsmøte eller ved ei anna stor tilskiping i SFU sin regi.
7. Forslag og vedtak skal ikkje offentleggjerast. Namnet på prisvinnaren skal ikkje offentleggjerast før ved utdelinga av prisen.
8. Desse føresegnene er vedtekne på årsmøte i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag og kan endrast med vanlig fleirtal på eit årsmøte